NÆRINGSKONFERANSEN
SØRE SUNNMØRE
ØRSTAHALLEN 30.03.2023
10-årsjubileum
Næringskonferansen blir i år arrangert for tiande gong, og vi har fått på plass eit program som vi er svært stolte av.
Vi kan by på lokale, nasjonale og dagsaktuelle foredragshaldarar med lang fartstid frå næringsliv, leiarskap, grunderprosessar, idrett og økonomi. Vi vil få høyre foredragshaldarane sine erfaringar med å etablere, utvikle og styre bedrifter der krav til kompetanse, leiarskap og entusiasme har vore nøkkelen til suksess.
Konferansen vil som i fjor bli arrangert i Ørstahallen. Denne lokaliteten er ein flott konferanse-arena med stor sal, scene og standplassar, romsleg mingleområde og god plass for ei fantastisk lunch-oppleving. Her blir det god tid til å etablere nye kontakter i næringslivet.
Ørsta Vidaregåande Skule er ein trufast og dyktig samarbeidspartnar, der restaurant- og matfaglina saman med Osdal Catering serverer eit smakfullt måltid og forfriskningar gjennom heile dagen.
Kveldsarrangement - Næringspub på TIK Cafe og Restaurant
Vi vil også i år invitere konferansedeltakarane til eit kjekt kveldsarrangement på den flotte utestaden Tik Cafe og restaurant
i Ørsta sentrum. Ein sosial pubkveld, god stemning og minikonsert med Atle Pettersen, der han spelar på sitt velkjende musikalske underhaldningsregister. Dørene opnar kl. 18.00, underhaldninga startar kl. 19.00
Påmelding er avslutta.
Men ta kontakt om det skulle vere noko.
Foredragshaldarar

ATLE PETTERSEN
Atle skal lose oss gjennom ein heil konferansedag, og vi er ikkje i det minste tvil om at dette greier han like godt som han gjer for det norske folk gjennom Beat for Beat. Han er kjend frå mange produksjonar gjennom NRK og frå fleire musikalske revyar. På næringskonferansen sitt kvelds-arrangement "NÆRINGSPUB", vil Atle Pettersen også halde ein minikonsert og spele på sitt store musikalske register.

ANJA HAMMERSENG EDIN
Her får vi eit foredrag frå ei dame som engasjerer publikum like godt frå talarstolen som på handballbanen. Ho inspirerer deg til å vere modig, sjå mulegheiter i staden for grenser. Ho gir deg verkty for å justere fokus i kvardagen og på arbeidsplassen. Ho presenterar program og teknikkar som ho har utvikla for mental trening. Anja sitt livsmotto «Hva hvis det er mulig, da?», blir brukt aktivt i foredraget og gir ein viktig peikepinn på positiv tankegang og flytting av fokusområde.

JØRGEN DYRHAUG
Dyrhaug er utdanna sivilingeniør frå NTH. Han var tidlegare tilsett i Forsvarsdepartementet før han tok til hos NSM i 2013 der han arbeider med datatryggleik. Dyrhaug vil snakke om korleis IKT har blitt innfasa i bedriftene steg for steg. Til denne enorme utviklinga er det også knytt utfordringar og risikoar til bruken av IKT. Kjenner vi til denne risikoen godt nok? Spanande-usynleg-ubegripeleg og uhandterleg.

JAN EMBLEMSVÅG
Energi i ei eller anna form står på dagsordenen i verda. Jan Emblemsvåg er ein av dei dyktigaste til å kunne seie noko om dette. Han uttaler: Klimamåla er den dyraste leiken med tal i historia. Utan utbygging av kjernekraft vil ei energifattig verd stå overfor mange vanskelege val, og eit stort fall i levestandard. Kraftpolitikken for framtida må vere basert på realisme og ikkje ønskjetenking. Dette blir eit interessant og dagsaktuelt innlegg.

HANS WILHELM STEINFELD
Hans Wilhelm er kjend som ein av dei tøffaste og mest pågåande utanriksreporterane vi har i Norge. Hans kunnskap i å formidle politikk frå aust har gitt han Skandinavisk journalistpris, Narvesenprisen, Cappelen-prisen, Peer Gynt Prisen og æresprisen frå Litauens Journalistforbund. I dagens situasjon med krig mellom Russland og Ukraina har Hans Wilhelm sin kunnskap frå europeisk historie blitt svært aktuell. Med den bakgrunnen han har og den pågåande krigen, blir det svært interessant å høyre foredraget hans.

KJETIL KRISTOFFERSEN
Kjetil driv sitt eige konferanseselskap «Publicom». Kjetil er mykje nytta med sine engasjerande foredrag. På Næringskonferansen skal han snakke om: «Hvem vinner til slutt?» Foredraget handlar om kva fridom kombinert med mål og vilje gjer for enkeltmenneske og grupper. Kva betyr lojalitet og mental uthaldenheit på jobben og i livet? Kjetil trykkjer på knappar som rører ved heile følelseslivet med det resultat at du har lyst til å handle etter å høyrd foredraget.

ÅSMUND VAAGE OG LEIF RØV
Vertikal Service er ei lokalt forankra bedrift som leverer tenester og prosjekt til norsk olje- og gass-sektor og fornybar kraftindustri. Firmaet vart etablert i 2003 og har no 20-års jubileum i år. Dei utmerkar seg ved brei fagleg kompetanse. Selskapet har 120 tilsette med hovudkontor i Volda, regionkontor i Stavanger og prosjektkontor i Egersund. Her får vi ei spennande lokal grunderhistore frå store høgder og krevjande arbeidsmiljø.

Endre Jo Reite
Endre Jo Reite er privatøkonom, utdanna sivilingeniør og direktør personmarknad i BN Bank.
Han har hatt ulike leiarroller innan kredit,plassering/innskudd og produktforvaltning. Endre er
i tillegg doktorgradsstudent ved NTNU, der forskar han på korleis bankar og endringar
påverkar forbrukarane sin bruk av kreditt. Korleis har utviklinga av forbrukslån vore og korleis
vil det utvikle seg? Skaper vi ein falsk tryggleik, og gjer vi samfunnet ei bjørnetjeneste?

Kristin Rotevatn Nyberg
Kristin er administrerande direktør i twoday, et nytt nordisk konsulentselskap med 2500 ansatte i heile Norden. Kristin er teknolog, har jobbet med IT og utvikling gjennom si karriere, dei siste åra har ho bygt opp fleire lønsame verksemder. Ho er ein forkjempar for mangfald på arbeidsplassen, og ønsker fleire kvinner til denne næringa. Nøkkelen til å bygge varige relasjonar til medarbeidarar er å gi dei mulegheit til medeigarskap, det gir langsiktigheit og bidreg til inkludering og rekruttering. Twoday har lokalt kontor med 10 tilsette i Ørsta
Program
Registrering
Opning
Foredrag
Foredrag
Bama frukt- forfriskningar
Foredrag
Foredrag
Lunch servert av Ørsta VGS og Osdal Catering
Kulturelt innslag, elev v/musikkskulen
Foredrag
Foredrag
Kaffepause
Foredrag
Foredrag
Slutt
Kveldsarrangement - Næringspub på TIK Cafe og Restaurant.
Takk til våre sponsorar
Hovedsponsor
Arrangør













